3, 5 eller 7 rettaren

Tre rettaren byggast saman med deg, og leggast til rette for ein felles meny om nokon ikkje tåler noko eller kva de har lyst på.

Tygg :: Forrett :: Hovudrett :: Dessert

Me startar opp med eit lite tygg frå ein smak av sesongen og frå spisskammerset til Espen som han har hausta gjennom året

Forrett kan vara jorskokksuppe, soppterrin med steinsoppsjy, skvallerkålbakt aure med blomkålkrem, carpaccio av fjellokse eller rødbete, rakfisk på tre måter, grava elg, fjellgrispate og så mykje meir. Alt med tilbehør som passar til sesong.

Hovudrett er alltid midtpunktet, og kan vera reinsdyrfilet frå Valdres, elgbiff, langtidsbakt entrecote av angus, rødspette med kantarell og graslauksjy, skvallerkål bakt rygg av torsk, fylt lammesteik steikt over natt, bressert fjellgris og med tilbehør som både passar til sesong og til maten.

Dessert blir aldri feil, og favorittingrediensane er solbær, bringebær, sjokolade, fløyte, syrna mjølk flytande eller som fersk ost, sitron, egg og pasjonsfrukt. Men det er så mykje meir å lage! Det lagast parfaitar, puddingar, mousse, supper, is, ovnsbakt også videre.

Fast pris for oppdrag er 4000 kr for ein 3 retter. 5000 på fredag, laurdag og helligdagar.

Maten kjem i tillegg frå 350 kr pr person.

Kontakt oss
Hos Blåfjelldal
Storebruvegen 54
2930 Bagn
Norge
Tlf: 962 34 211 
espen@smaavesen.no
Create your website with WordPress.com
Kom i gang
%d bloggarar likar dette: