Kokk til deg

Hausten fyllast fort opp, og det er ikkje mange laurdagar ledige før jol, så ein bør bestille fort.

Om ein vil bygge sitt heilt spesielle jolebord, så kan me ordne mykje meir enn berre maten, slik at ein får ein heilt uforgløymeleg joleavslutning!

Årets jolemeny er klar: https://hosblafjelldal.wordpress.com/andre-selskap/

Haustens hovedmeny:

Tre rettar:

Heimebaka øllebrød med urtesmør

Skogsoppsuppe med fløyte, kvitvin, lauk og urter. Eigenplukka sopp!

Langtidsbakt lammesteik med urter og steinsopprisotto

Creme brulee med mjødurtblomssukker og solbær

Kr 475,-

Ekstravagansa

Rødbettcarpaccio med urtedressing, bufar stølsost og frisk salat

Bakt kampskjell med blomkålkrem

Filet av reinsdyr med portvinsaus, rosettkål, steinsopp og potet.

Panna cotta med skogsbærcolli

Petit four

              Kr 695,-


Kokk heim eller på hytta.

Espen Blåfjelldal er ein av dei fremste i Noreg på lokalmat og har ein vinteknisk utdanning frå University of Adelaide i Australia, og han har vore med å starte opp Små Vesen Bryggeri, Valdres Mathus, Kroa i Bagn og Bakeriet i Bagn, og han er difor kokk, bryggar, bakar, sommelier/vinkelner, ølkelner og ikkje minst historieforteljar.

Så når du har dei spesielle høve, så fiksar Espen opplevinga:

Espen rydder opp kjøkkenet før han reiser heimatt, og kan også ta med seg oppvasken heimatt.

Hos Blåfjelldal er ein heimerestaurant, og har eit maks antall tilpassa bestikk og dekketøy, som er 12 stk. Dette let seg gjera på dei fleste kjøkken, både heime og på hytta. Køyring er inkludert innanfor 30 minutt frå Bagn ein veg.

3, 5, 7 rettaren

Tre rettaren byggast saman med deg, og leggast til rette for ein felles meny om nokon ikkje tåler noko eller kva de har lyst på.

Ølmakarens middag

Espen er bryggerikokk og bryggerigründer, og kan få til ein totaloppleving! Ølsmaking, gode historiar og mat!

Bakarovnen

Lyst til å ha din eigen pizzakokk heimatt? No kan du det! Espen kjem med bakaromnen på hjul, og fyrer den opp og lagar pizza saman med dykk.

Babettes gjestebud

Bli med på eit historisk måltid der Espen tek deg inn i det opprørske Frankrike snaut 100 år etter den franske revolusjon, og transformasjonen av dette til det usentrale Berlevåg.

Kontakt oss
Hos Blåfjelldal AS
Storebruvegen 54
2930 Bagn
Norge
Tlf: 9732 6624 
espen@hosblaafjelldal.no

Design a site like this with WordPress.com
Kom i gang