Bryllaup

Espen har vore med å gjennomført fleire bryllaup, og har lagd mat på dei enklaste plasser til avansert kjøkken.

Eit bryllaup er alltid spesialtilpassa til brudeparet, og det er umogleg å sette nokon fast meny.

Eg har til dømes servert skogsoppsuppe med eigenplukka sopp, grilla sjøkreps, grilla asparges, kamskjell, rakfisk, skalldyrsuppe og mykje meir til forrett.

Til hovudrett har det vore indrefilet av rein, elgbiff, hjortelår, bakte rødbeter, kveite og mykje meir på tallerken.

Av søtt så har det vorte laga 80 sjokoladefondant ein gong, mykje jordbær og pannacotta, creme brulee, solbærmousse, bringebær, heimelaga is og parfait, samt mange andre søte avslutningar.

Eg er med på planlegginga, gjennomføringa og ryddar opp etter meg. Pris er frå kr 12 000 for gjennomføring, i tillegg til prisen på maten.

Create your website with WordPress.com
Kom i gang
%d bloggarar likar dette: