Event og konsulent

Espen har lang erfaring både med eventar og som konsulent.

Han har vore matansvarleg på Vinjerock i 6 år, og på ei undersøking så var 89% særs eller godt nøgde med maten på Vinjerock. I tillegg har han arrangert små og store eventar i Valdres på blant anna Valdres Mathus, Bøven, Små Vesen og Trollrock. Sist var han hovedansvarleg for åpningsarrangementet i Sør-Aurdalshallen, der 1200 personar var samla i ein utesta hall, noko som vart ei fantastisk opning.

Espen kjenner Valdres godt, og har eit godt nettverk, og om du vil ha ein friluftsaktivitet, musikk og kultur eller å få fatt på ein spanande foredragshaldar, så kan me hjelpe deg.

Og om du vil ha mat og drikke som hovudopplevinga, så står me normalt sett for dette sjølve, men tek gjerne med oss ein av dei fantastiske produsentane i området!

Me kan tilby til dømes:

  • Leiarsamlingar på hytte eller i våre lokaler Hos Blåfjelldal
  • Avspark/Kickoff med tema
  • Festmiddag med underhalding
  • Konsertar og stand-up med middag
  • Foredrag med inspirerende folk frå nærområdet
  • Mat og drikkekurs
  • Besøk hos lokalmatprodusentar med omvisning
  • Konkurranser i naturen
  • Aktivitetar i elv, fjell, vatn eller skog.

Konsulent/arbeidskar

Espen er i utgangspunktet utdanna produktutviklar på mat, og har bistått mange bedrifter i sin produktutvikling i prosjekt og gjennom eigne oppdrag. Han har sjølv vore med å starte Valdres Mathus/Kroa i Bagn, Små Vesen Bryggeri og Bakeriet i Bagn, og har vore involvert i matprosjekt i Noreg og internasjonalt. Espen elsker å jobbe i det rommet mellom ei råvare og marknaden!

Kva eg kan tilby:

  • Produktuvikling
  • Inspirasjonsdag
  • Menyutvikling tilpassa utstyr og mannskap
  • Opplæring
  • Foredrag
  • Salshjelp og opplæring innanfor sal
  • Gjennomgang av produksjonen for å effektivisere

Kontakt oss
Hos Blåfjelldal
Storebruvegen 54
2930 Bagn
Norge
Tlf: 962 34 211 
espen@smaavesen.no
Create your website with WordPress.com
Kom i gang
%d bloggarar likar dette: