Kokk til deg

Kokk heim eller på hytta.

Espen Blåfjelldal er ein av dei fremste i Noreg på lokalmat og har ein vinteknisk utdanning frå University of Adelaide i Australia, og han har vore med å starte opp Små Vesen Bryggeri, Valdres Mathus, Kroa i Bagn og Bakeriet i Bagn, og han er difor kokk, bryggar, bakar, sommelier/vinkelner, ølkelner og ikkje minst historieforteljar.

Så når du har dei spesielle høve, så fiksar Espen opplevinga:

Espen rydder opp kjøkkenet før han reiser heimatt, og kan også ta med seg oppvasken heimatt.

Hos Blåfjelldal er ein heimerestaurant, og har eit maks antall tilpassa bestikk og dekketøy, som er 12 stk. Dette let seg gjera på dei fleste kjøkken, både heime og på hytta. Køyring er inkludert innanfor 45 minutt frå Bagn ein veg.

3, 5, 7 rettaren

Tre rettaren byggast saman med deg, og leggast til rette for ein felles meny om nokon ikkje tåler noko eller kva de har lyst på.

Ølmakarens middag

Espen er bryggerikokk og bryggerigründer, og kan få til ein totaloppleving! Ølsmaking, gode historiar og mat!

Bakarovnen

Lyst til å ha din eigen pizzakokk heimatt? No kan du det! Espen kjem med bakaromnen på hjul, og fyrer den opp og lagar pizza saman med dykk.

Babettes gjestebud

Bli med på eit historisk måltid der Espen tek deg inn i det opprørske Frankrike snaut 100 år etter den franske revolusjon, og transformasjonen av dette til det usentrale Berlevåg.

Kontakt oss
Hos Blåfjelldal
Storebruvegen 54
2930 Bagn
Norge
Tlf: 962 34 211 
espen@smaavesen.no

Create your website with WordPress.com
Kom i gang
%d bloggarar likar dette: